Vrakfeber på Jærkysten

Det kan blesa sterkt og friskt langs jærkysten, særleg i vintermånadane januar og februar. Det var oftast på denne årstida at dei store forlisa og strandingane skjedde i tidlegare tider. Under uvêret Urd januar 2017 gjekk sjøen høgt og vaska ut sand frå strender og sanddyner på Jæren. Etter ei tøff uvêrsnatt fann turgåarar eit stort flak frå eit vrak som var kasta i land på Holmesanden sør på Jæren.

Slik innleiar formidlingsleiar Ingeborg Nærøand Skjærpe artikkelen om vraka langs Jærkysten, som vart publisert i magasinet Kysten, oktober 2017. Ingeborg Nærland Skjærpe har vore tilsett i Hå Bygdemuseum sidan første del av 1980-talet og i Jærmuseet frå konsolideringa i 2002. Ho har ansvar for dei lokale anlegga i Hå som er sjøgarden Grødaland og redningsmuseet i Varden.

Her kan du lesa heile artikkelen Vrakfeber på Jærkysten.