Statnett inngår sponsoravtale med Jærmuseet

Statnett og Jærmuseet har nylig signert ein tre-åreg samarbeidsavtale, der Statnett går inn med midler til to av Jærmuseet sine vitensenteravdelingar: Vitenfabrikken og det omreisande vitensenteret, Science Circus.

Tilsette ved Vitenfabrikken var på befaring i Solaveien 10 og arbeidet som pågår med byggesteg to. Her skal det blant anna koma eit oppgradert Abelloft. Foto: Elin Ravndal Bell, Jærmuseet

Avtalen legg til rette for at Vitenfabrikken og Science Circus utviklar formidlings- og læringsaktivitetar i skjæringspunktet mellom realfag, matematikk, vitensenterdedaktikk, energi, teknologi og samfunn.

Vitenfabrikken er vitensenter og museum midt i Sandnes. Første del av Vitenfabrikken vart opna i 2008 og nå er byggetrinn to i Solaveien 10 godt i gang. Her er eit av hovudelementa eit nytt Abelloft, eit reint matematikkloft som skal nå eit bredt publikum, gje meistringsfølelse og skapa begeistring. Ein større del av midlene frå Statnett vil gå til utvikling og innhald i ny utstilling på Abelloftet som skal opnast i 2018. I tillegg vil Science Circus oppdatera sitt innhald og besøka 20 skuler i Rogaland i 2016.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristian Pladsen, seier følgande om signeringa:

«Vitensentra i Norge har ein viktig rolle i å spre interesse for og kunnskap om realfag blant barn og unge, og å trekka trådande til framtidas samfunn. I dette biletet har kraftsystemet ein sentral plass for at samfunnet skal fungere og utvikla seg vidare. Me er glade for å innleia eit samarbeid med Vitenfabrikken og Science Circus, og har tru på at eit nytt Abelloft og ein oppgradert versjon av Science Circus vil bidra til engasjement både for naturfag, straum og kraftsystem».

Fakta

  • Storleik på avtalen er kr. 333.000 kvart år i tre år
  • Byggesteg to på Vitenfabrikken er finansiert av Sandnes kommune, Rogaland fylkeskommune og Kulturdepartmentet.
  • Innhaldet i byggesteg to skal finansierast av private midler. Totalt budsjett for utstillingane på Abelloftet er kr. 10 millionar
  • Jærmuseet, ved avdelingane Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus er eit av ni regionale vitensentre i Noreg. Statnett samarbeidar òg med Nordnorsk vitensenter, Vitensenteret i Trondheim, VilVite og Norsk Teknisk Museum
  • Jærmuseet sitt vitensenter nådde i 2014 ut til elevar i 27 kommunar, og hadde i overkant av 137.000 besøkande

For spøsmål, ta kontakt med:

Jærmuseet
Direktør Målfrid Snørteland
913 90 361

Statnett
Senior kommunikasjonsrådgiver Gunnar Romsaas
977 33 716