Sirkusdirektør og realfagsformidlar fekk kongeleg heider

Under ei tilstelling på Vitenfabrikken måndag 29. oktober, vart vår eigen sirkusdirektør Ivar Reed Nakken heidra med kongens fortenestemedalje. Det var assisterande fylkesmann, Harald Thune, som stod for utdelinga.

Ivar Reed Nakken har gjort ein usedvanleg stor pionerinnsats når det gjeld formidling og popularisering av realfag og naturvitskap til barn og unge. Gjennom 24 år «på vegen» med Science Circus, eit omreisande realfagstilbod som nå er ein del av Jærmuseet, har han besøkt skular og inspirert elevar og lærarar over store deler av landet med sine realfagsshow, interaktive eksperiment, planetarieframvisingar og lærarkurs.

Typisk nok for jubilanten vert feiringa av fortenestemedaljen feira på realfagsturnè for skuleelevar på Karmøy denne veka. Under sjølve utdelinga, trudde han sjølv at han kom for å halda vitenshow for ei som vert pensjonist i Jærmuseet. Eigentleg var det han sjølv som skulle stå i sentrum denne dagen utan at han ana kva som skulle skje. Og det var ingen tvil om at heidersgjesten var overraska og rørt over tildelinga.

Ivar er utdanna lærar, født i Nordfjord i 1945, men bur nå i Egersund. Han har tidlegare vore m.a. lærar, inspektør og rektor ved ulike skular i Sogn og Fjordane. Før han tok til som leiar av Science Circus var han tilsett ved Institutt for folkehelsa.

 

Oppsummert har Ivar sidan 1995 skapt realfagsglede til:

  • 250.000 elevar
    • på 1700 skular
      • i 224 kommunar
        • i 18 fylker
          • og i sju land

 

Gjennom sitt arbeid har Ivar Reed Nakken inspirert mange. Ingen fortener denne heideren meir enn han. Gratulerer!