Elevar med stort læringspotensial – Modul 1
Ein stor del av elevgruppa med stort læringspotensial blir seint eller aldri identifisert.
Modul 1 har fokus på kva som kjenneteiknar desse elevane – både positive og negative kjenneteikn.
Me går og gjennom dei seks psykologiske profilane for elevar med SLP: Kva for nokre likskapar og forskjellar har dei, beste tilnærming osv.
Korleis me kan og bør kartlegge elevar for å finne dei som har stort læringspotensial.
Bli med på digitalt lærarkurs om identifisering og kartlegging av elevar med stort læringspotensial 24.april kl.13-15.
Påmeldinga er no stengd.
Me held med ujamne mellomrom opne lærarkurs om elevar med stort læringspotensial.
Tidspunkta blir annonsert her.
Eksempel på innhald:
Identifisering av elevar med stort læringspotensial
- Kven er dei? Kva treng dei?
Tilpassa opplæring i eige klasserom for desse elevane
- Konkrete tips til tilpassing av undervisning
Me har og eigne (gratis!) kurs for skular/kommunar/nettverk m.m. Ta kontakt om din skule/kommune er interessert i dette.
Prosjektleiar: Marianne Hægstad Risdal, tlf 95033139, epost mhr@jaermuseet.no
For å finne ut meir om Talentsenter i realfag, gå til hovudsida om Talentsenteret.