Lærarkurs om elevar med stort læringspotensial

Elevar med stort læringspotensial – Modul 1

Ein stor del av elevgruppa med stort læringspotensial blir seint eller aldri identifisert.

Modul 1 har fokus på kva som kjenneteiknar desse elevane – både positive og negative kjenneteikn.

Me går og gjennom dei seks psykologiske profilane for elevar med SLP: Kva for nokre likskapar og forskjellar har dei, beste tilnærming osv.

Korleis me kan og bør kartlegge elevar for å finne dei som har stort læringspotensial.

Bli med på digitalt lærarkurs om identifisering og kartlegging av elevar med stort læringspotensial 24.april kl.13-15.

Fyll ut dette skjema for påmelding. Kurset er sjølvsagt gratis.

Me held med ujamne mellomrom opne lærarkurs om elevar med stort læringspotensial.

Tidspunkta blir annonsert her.

Eksempel på innhald:

Identifisering av elevar med stort læringspotensial

  • Kven er dei? Kva treng dei?

Tilpassa opplæring i eige klasserom for desse elevane

  • Konkrete tips til tilpassing av undervisning

Me har og eigne (gratis!) kurs for skular/kommunar/nettverk m.m. Ta kontakt om din skule/kommune er interessert i dette.

Prosjektleiar: Marianne Hægstad Risdal, tlf 95033139, epost mhr@jaermuseet.no

For å finne ut meir om Talentsenter i realfag, gå til hovudsida om Talentsenteret.