Jærmuseet søkjer samlingsforvaltar

Stillinga er fast, 100%.

Om stillinga

Stillinga er del av avdeling Samling og dokumentasjon i Jærmuseet.

Jærmuseet skal ha ei berekraftig utvikling av samlingane sine. Samlingane skal vera relevante for forsking og formidling, for forteljingane om Jæren og historiene om Norge.

I planperioden 2021-2025 skal me mellom anna jobba med:

  • Gjera samlingane mest mogleg digitalt og fysisk tilgjengeleg for publikum.
  • Få eit best mogleg oversyn over samlingane, utvikla gode metodar for samlingsforvaltning og ha eit planverk som støttar opp om dette arbeidet.
  • Samlokalisera samlingar frå ulike bygdemuseum inn i nye og moderne fellesmagasin.
  • Legga til rette for at den handlingsborne kunnskapen blir tatt vare på gjennom aktiv bruk.
  • Arbeida for ei sikker langtidsbevaring av digitalt materiale.

Arbeidsoppgåver

  • Inntak, registrering, fotografering og magasinering av gjenstandar
  • Registrering av foto, film og lyd
  • Reprofotografering
  • Kulturhistorisk dokumentasjonsarbeid
  • Behandla førespurnadar frå publikum
  • Digital formidling av museet sine samlingar
  • Delta i flytting av gjenstandar inn i nytt magasin
  • Delta i utarbeiding av rutinar og planverk
  • Anna arbeid innafor samlingsområdet

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar

  • Utdanning på masternivå innafor museologi, konservering eller kulturfag er ønskeleg
  • Grunnlaggjande kunnskap om samlingsforvaltning
  • Kjennskap til fotohandtering er ønskeleg
  • Gode datakunnskapar
  • God kjennskap til bruk av Primus – digital samlingsdatabase
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Ha god gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
  • Vera serviceinnstilt og fleksibel
  • Førerkort klasse B er ønskeleg

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Ein variert arbeidsdag med oppgåver i eit triveleg miljø.
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Arbeidstid etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Nokre glimt frå samlingsarbeid i museet:

Spørsmål?

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Avdelingsdirektør Per Inge Bøe på telefon 90 86 52 42 / e-post pib@jaermuseet.no Samlingsforvaltar Jeanne Dalbu på telefon 97 67 40 35 / e-post jad@jaermuseet.no