Jærmuseet søkjer Konservator NKF-N

Me søkjer etter ein dyktig og erfaren konservator til å leia konserveringsteam Rogaland.

Jærmuseet er tildelt arbeidsgjevaransvaret for eit konserveringsteam for regionmusea i Rogaland (Ryfylkemuseet, Dalane Folkemuseum, Haugalandmuseet, Museum Stavanger og Jærmuseet) og Norsk Oljemuseum.

Teamet er ein del av Fellestenestene for rogalandsmusea finansiert av Rogaland fylkeskommune. Teamet  skal etablerast frå nyttår og får base på nyinnreia verkstad i Norsk Oljemuseum sitt magasinbygg i Dusavika, Stavanger.

Teamet skal oppsøka og arbeida ved alle musea og på verkstaden med konservering, tilstandsvurdering og rådgjeving i samlingsforvalting.i

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leia konserveringstemaet
  • Ha ansvar for og gjennomføra konservering av musea sine samlingar
  • Halda oppsyn med og vurdera klimatilhøva i musea ssine mange magasin/anlegg
  • Gje råd og rettleiing om førebyggjande konservering
  • Planleggja og administrera teamet sin framdriftsplan og arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjent konservatorutdanning på masternivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan gjentandskonservering/kulturhistorisk konservator. Utanlandske matergrader bør vera godkjent av NOKUT
  • Fordel med leiarerfaring
  • Gode evner til å initiera, leia og gjennomføra konserveringsprosjekt
  • Grunnleggjande kunnskap om samlingsforvaltning
  • Gode datakunnskapar, kjennskap til Primus er ein fordel
  • Kunna arbeida sjølvstendig og som del av eit team
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Gode engelskkunnskapar er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgjevar:

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Jærmuseet har samlingar av gjenstandar, foto og arkiv frå landbruk, industi, by- og bygdesamfunn.

Arbeidsoppgåver – Konserveringsteamet:

Arbeidsbeskrivelse konserveringsteamet

 

Søknadsfrist: 09.12.19

Søknad med CV og attestar skal sendast til: ledigstilling@jaermuseet.no

For meir informasjon eller spørsmål kontakt avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen.

Telefon: 952 94 538 / E-post: hdo@jaermuseet.no