Jærmuseet søkjer handverkar

Ein av våre to handverkarar går av med pensjon, og me søkjer derfor etter ny faglært og dyktig handverkar, primært innafor snekkar eller tømrarfaget

Jærmuseet har drifts- og vedlikehaldsansvaret for om lag 60 kulturhistoriske bygningar i jærkommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn og vedlikehald av dei antikvariske bygningane
  • Restaurering av bygg og museumsgjenstandar
  • Vaktmeistertenester for nokre bygg
  • Planleggingsarbeid
  • Dokumentasjon av utført arbeid
  • Tilsyn med innleigde tenester
  • Noko deltaking i utstillingsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjent fagbrev, meisterbrev er ein fordel
  • Interesse for kulturhistoriske bygg og bygningshistorie
  • Innsikt i tradisjonshandverk er ein fordel
  • Innsikt og interesse for andre handverksfag er ein fordel
  • Evne til å kunne arbeida systematisk og planmessig
  • Kunna arbeida sjølvstendig og som del av eit team
  • Gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Førarkort klasse BE, gjerne og C1 og trucksertifikat

Jærmuseet tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Nyinnreia verkstad/kontorplass på Vitengarden, Nærbø
  • Varebil til disposisjon

Om arbeidsgjevar:

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Jærmuseet har driftsansvaret for omlag 60 kulturhistoriske bygningar rundt om i jærkommunane.

Søknadsfrist: 08.03.20

For meir informasjon om Jærmuseet klikk her.

Liste over dei ulike kulturhistoriske bygningane, finn du her.

Søknad med CV og attestar skal sendast til: ledigstilling@jaermuseet.no

For meir informasjon eller spørsmål kontakt avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen: tlf: 952 94 538, e-post: hdo@jaermuseet.no