Jærmuseet søker arkivar

Frå hausten 2018 har museet ledig fast, 100% stilling som arkivar.

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Rogaland. Museet driv mellom anna Vitengarden på Nærbø, Vitenfabrikken i Sandnes, Garborgsenteret på Bryne og Tungenes fyr i Randaberg. Jærmuseet har samlingar av gjenstandar, foto og arkiv frå landbruk, industri, by- og bygdesamfunn. Museet driv dokumentasjon og forsking.

Arkivar

Jærmuseet si arkivarstilling blir ledig frå hausten 2018. Museet søker derfor ny arkivar til forvaltning av arkiv,- foto,- og gjenstandssamlingane. Stillinga inngår i samlings- og dokumentasjonsteamet som forvaltar alle museet sine samlingar. Teamet har og ei sentral rolle i utstillings- og formidlingsverksemda. Museet sine digitale samlingsverktøy er PRIMUS og ASTA. Arkivaren vil ha eit overordna ansvar for å drifta biblioteka på alle avdelingar.

Arbeidsoppgåver

  • dagleg ansvar for arbeidet med dokumentasjon av samlingane. I tillegg arbeidet med biblioteket i organisasjonen.
  • det vil også bli vurdert å legga ansvar for dokumentasjonsutstyr i organisasjonen til stillinga.

Arbeidsoppgåver – samlingane:

  1. Ha ansvar for, og å registrera foto, lyd og levande bilete i PRIMUS
  2. Etablera gode rutinar for registrering og katalogisering av gjenstandar, foto i samlingar og eigne foto
  3. Ansvar for vedlikehald og struktur i museet sitt digitale magasin
  4. Privatarkivarbeid: ansvar for at arkiva blir registrert i ASTA og puiblisert på Arkivportalen

Arbeidsoppgåver – bilbiloteket

Jærmuseet har eit hovudbibliotek på hovudkontoret/Vitengarden. Her er det om lag 5.500 bøker. I tillegg er det ei samling på om lag 1.000 ulike periodika, vel 60 hyllemeter.

Alle bøkene inngår i same databasen og blir lånt ut internt. Dette er ikkje eit utlånsbibliotek. Men museet stiller bøkene til disposisjon til studentar, forskarar og lokalhistorisk interesserte innafor vanleg arbeidstid.

Det er også eit handbibliotek på Vitenfabrikken og på Garborgsenteret

  1. Registrera innkomne bøker til hovudkontoret/Vitengarden
  2. Vedlikehald av biblioteket
  3. Føra tilsyn av utlånsrutinar

Arbeidsoppgåver – administrere utstyr til samlings- og dokumentasjonsarbeid

Administrere, fornye og låne ut fotoutstyr og andre elektroniske hjelpemiddel  til samlings- og dokumentasjonsarbeidet.

Økonomi- og IKT sjefen har det overordna ansvaret for alt datautstyret  i bedrifta.

.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i relevante fag
  • God IKT-kompetanse
  • Forskingskompetansje vil bli vektlagt
  • Erfaring frå arbeid med PRIMUS og AStA er ein fordel
  • Må beherska nynorsk og bokmål

Jærmuseet legg dessutan vekt på evne til å arbeida i team og på tvers av fagfelt. Du må også kunna jobba sjøvlsendig og takla eit tidvist høgt tempo. Jærmuseet har ein høg profil når det gjeld sørvis ovanfor publikum så vel som internt i organisasjonen.

Me kan tilby:

  • Fast stilling, 100%
  • Ein svært allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Jamleg deltaking i kurs, seminar og fagsamlingar
  • Eit stort kontaktnett innan arkiv- og samlingsarbeid
  • Innføring i vitensenter- og museumsarbeid
  • Gode kollegaer og moderne, fysiske rammer
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning, for tida i KLP

Arkivar har kontorplass på Vitenfabrikken og Vitengarden og arbeider også tidvis i dei andre avdelingane.

Spørsmål om stillinga rettast til sjefskonservator Målfrid Grimstvedt, telefon 975 84 289 / mgr@jaermuseet.no eller avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen, telefon 952 94 538.

Søknad med attestar og vitnemål skal sendast til ledigstilling@jaermuseet.no eller til Jærmuseet, postboks 250, 4367 Nærbø innan 26. september 2018.

Meir info om Jærmuseet og samlingane

Jærmuseet har vore i sterk oppbygging sidan museumskonsolideringa starta i 2002. Me har teke over drifta av lokale anlegg med samlingar i Sandnes, Hå, Gjesdal, Klepp, Randaberg, Time og Sola. Tabellen nedanfor viser kva denne tilveksten har betydd i auka samlingar. T.d er gjenstandsamlinga meir enn 7 gonger så stor, arkiva har auka frå omlag 100 hm til nærare 450 hm

Jærmuseet har i dag to stillingar som konservator i tillegg til arkivarstillinga. Den eine er sjefskonservator og går i 50 % stilling. Gjennom dei siste åra har museet brukt ulike ekstra ressursar for å koma ajour i samlingsforvaltninga. Det har ikkje minst vore satsa på utbygging og utbetring av magasintilhøve. Denne satsinga vil halda fram og museet er såleis inne i ein spennande periode i samlingsarbeidet. PRIMUS blei innført i 2008 og ASTA i 2017. Dei siste åra har museet hatt tilgang til eit felles mobilt samlingsforvaltningsteam i Rogaland fylkeskommune. Jærmuseet har arbeidsgjevaransvaret for teamet..

 

 

Gjenstandsamlinga er registrert i PRIMUS med 33 302 nummer. 9004 er publisert på Digitaltmuseum.

 

Bygningane er registrert i PRIMUS.

 

Fotosamlinga er registret i PRIMUS med 71 559 nummer. 3 400 er publisert på Digitaltmuseum. I tillegg er også lyd- og levande bilete registert i PRIMUS.

 

Privatarkiva – Dei 291 arkiva er grovordna og listeført. Frå våren 2017 har museet starta registrering i ASTA, og samstundes blir arkiva flytta inn i nytt, felles arkivmagasin. Denne flyttinga er igang, men ikkje ferdig.

 

Primus-databasen ligg hos KulturIT på Lillehammer. Dei vil ta hand om support og backup av alle data. Jærmuseet er ein av eigarane i KulturIT.

 

Museet har felles dataanlegg for organisasjonen. Her er det også eit digitalt magasin for foto og lydfiler. Desse har eigne rutiner for sikring og ordning.

 

Museet har sidan 2017 hatt nytt arkivmagasin, inntaks- og registreringsrom i Vitenfabrikken. Nytt, underjordisk museumsmagasin er under bygging på Vitengarden. Her vil det også bli inntaks- og registreringsrom; ferdig i 2019.

 

Forsking og kunnskapsutvikling

Sidan Jærmuseet vedtok ny strategiplan i 2014 har museet jobba målretta for å auka den faglege og vitskaplege kompetansen i organisasjonen.

Sidan 2014 har to av dei tilsette kvalifisert seg for tittelen konservator NMF og ein tredje er på veg. For tida er og ein medarbeidar i gang med eit doktorgradsprosjekt knytt til UiA.

Museet har eit internt forskarforum der fagpersonalet kan legga fram artiklar og faglege prosjekt.

Me ser gjerne at den nye arkivaren har forskingskompetanse eller potensiale og ambisjonar som kan bidra til å løfta det faglege nivået i Jærmuseet.