Jærmuseet søker Administrasjonssjef

Jærmuseet sin nåverande kontorsjef blir pensjonist hausten 2018. Stillinga er frå hausten 2018 omgjort til administrasjonssjef.

Me tilbyr ei sentral leiarstilling i ein av regionen sine viktigaste kulturinstitusjonar – ein dynamisk, kreativ og allsidig organisasjon med 13 publikumsanlegg i sju kommunar på Jæren. Museet har over 70 årsverk, eit årsbudsjett på vel 70 mill. kroner og hadde i 2017 over 215.000 besøkande.

Administrasjonssjefen vil vera vår «innanriksminister» og ha det overordna ansvaret for museet sitt HR-arbeid, administrative system og avtaleverk.

Administrasjonssjefen skal drøsa godt med tilsette på alle nivå og innanfor mange fagfelt.

Me forventar derfor at du er godlynt og omgjengeleg, med eit godt humør.

Samtidig må du kunna snu deg raskt, og ta tak i nye utfordringar på ein effektiv og kontruktiv måte.

Me søker ein person med:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne på mastergradsnivå
    • gjerne utdanning innanfor organisasjon, leiing, jus og/eller økonomi
  • Dokumentert erfaring med personal- og HR-arbeid
  • Erfaring med å leia organisasjons- og omstillingsprosessar
  • Dokumentert beslutnings- og gjennomføringsevne
  • God digital/IT- kompetanse og interesse for struktur, system og avtaleverk
  • God skriftleg språkføring. Jærmuseet brukar både nynorsk og bokmål som arbeidsspråk og du må derfor beherska begge målføre

Jærmuseet har oppdaterte og profesjonelle administrative system og nyttar elektronisk post og arkiv så langt det let seg gjera. Me nyttar elektronisk timeregistreringssystem.

Museet er medlem av arbeidsgjevarorganisasjonen Virke. Virke har eit eige nettverk for administrasjons- og økonomileiarar i musea.

Administrasjonssjefen vil ha:

  • Hovudansvar for museet sin løns- og personalpolitikk, timeregistrering og pensjon.
  • Hovudansvar for museet sine administrative system og avtaleverk, inkludert forsikringsavtalar, innkjøpsavtalar og andre felles avtalar for organisasjonen.
  • Jærmuseet er IA-bedrift og administrasjonssjefen er vår kontaktperson mot NAV og har oppfølgjingsansvaret for sjukemeldingar, permisjonar etc.
  • Administrasjonssjefen rapporterer til direktør og er med i direktøren si leiargruppa, saman med økonomi- og IT-sjef, marknadssjef og avdelingsdirektørane.
  • Du må rekna med noko kvelds- og helgearbeid i samband med større arrangement eller særlege prosjekt.

Her finn du oversikt over tilsette

Her finn du organisasjonskart

Her finn du oversikt over vedtekne planar og årsrapportar.

Jærmuseet sitt hovudkontor ligg på Vitengarden på Nærbø, men administrasjonssjefen skal ha minst ein arbeidsdag i veka på Vitenfabrikken i Sandnes, og også ha jamnleg oppmøte på andre avdelingar.

Løn etter avtale.

Pensjonsavtale gjennom Kommunal landspensjonskasse.

Nærare opplysningar om stillinga ved direktør Målfrid Snørteland, tlf. 913 90 361.

 

Søknad med CV og avsluttande vitnemål skal sendast til ledigstilling@jaermuseet.no

Søknadsfrist: 28. mai 2018.

 

Om Jærmuseet

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, og regionalt vitensenter for Rogaland.

Jærmuseet er både museum og vitensenter. Vår oppgåve som museum er å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, som vitensenter skal me skapa realfagsglede og interesse for matematikk, naturvitskap og teknologi.

Vitensenteret i Jærmuseet består av Vitenfabrikken i Sandnes, Vitengarden på Nærbø og det omreisande vitensenteret Science Circus som besøker skular i heile Rogaland. Vitenfabrikken og Vitengarden er og dei største avdelingane i Jærmuseet.

Jærmuseet/Vitensenteret Sør-Vest er eitt av ti regionale vitensenter i Norge med tilskot frå Kunnskapsdepartementet/Forskningsrådet.

Garborgsenteret på Bryne er eit humanistisk vitensenter med vekt på å formidla litteratur, språk og samfunnsengasjement.

Tungenes fyr i Randaberg er ein del av etatsmuseet for Kystverket, der Jærmuseet samarbeider med Lindesnes fyrmuseum, Sunnmøre Museum, Museum Nord og Museet for gjenreising og kystkultur i Finmark.

Dei mindre lokalmusea og Flyhistorisk Museum Sola er samla i avdelinga Levande historie.

Denne avdelinga har og ansvaret for samlingsforvaltning, bygningsvern, dokumentasjon og forsking.

Museet har arbeidsgjevaransvaret for eit regionalt samlingsforvaltningsteam, finanisiert av Rogaland fylkeskommune, og som arbeider for alle regionmusea i fylket.