Besøksrekord!

Eit innhaldsrikt 2017 er over og nok ein gong - faktisk for 11. året på rad - kan Jærmuseet feira besøksrekord!

I løpet av 2017, fekk 215.451 gjester gleda av formidlingstilbodet til Jærmuseet. Dette er 6290 fleire gjester enn i 2016. Gjestene fordeler seg over 13 besøksanlegg i sju kommunar pluss den oppsøkande verksemda til Science Circus. I tillegg til besøksrekord totalt sett, er det og besøksrekord for Vitenfabrikken, Vitengarden, Limagarden, Grødaland, Tungenes, Garborgheimen og Knudaheio!

Rundt 60% av dei besøkande er ferie- og fritidsgjester, rundt 30% er barnehage- og skuleelevar som er med på organiserte formidlingsopplegg og 10% går under kategorien lag/foreiningar og bedrifter som er med på ulike tilstellingar og lagsveisar i utstillingane våre. Fordelinga mellom dei ulike besøkstypane er ganske lik som tidlegare år.

«I Jærmuseet har me eit stort fokus på at utstillingar og aktivitetstilbodet generelt skal engasjera, aktivisera, skapa undring og refleksjon. Me er òg opptekne av heile tida å forbetra og utvikla tilbodet til gjestene, og at dei skal oppleva noko nytt når dei besøker oss. Med det arbeidet som vert lagt ned av alle våre tilsette gjennom året, er ingenting meir gledeleg enn å sjå at stadig fleire besøker dei ulike anlegga og gir gode tilbakemeldingar på tilbodet. At me for 11. år på rad feirar besøksrekord, er veldig stas!», seier direktør Målfrid Snørteland.

Kravlande kryp

Det anlegget som har størst auke frå tidlegare rekord, er Vitengarden. Det er liten tvil om at utstillinga Kravlande kryp skal ha den store æra for at 62.118 gjester, ein auke på heile 17%, la turen til Nærbø. Utstillinga, som er laga av Akvariet i Bergen, stod på Vitengarden i haust og trekte både store publikumsmassar i helgene og haustferien, i tillegg til mange skule- og barnehagebarn. Vitengarden opna òg den permanente utstillinga «Mykje lort og mykje varme» i 2017, ei utstilling om biogass. Denne vart òg godt motteken av både store og små gjester. I tillegg er anlegget attraktivt i allslags vèr, som det var mykje av på Jæren i året som gjekk!

Møbel, avatarar og prosjekt fantasi

Vitenfabrikken, som er det største anlegget i Jærmuseet, sette òg besøksrekord med 76.177 gjester. 2017 var eit travelt år på mange måtar, med tre veldig ulike, temporære utstillingar. Både møbelutstillinga «Alle gode ting er tre», utstillinga «Art Avatar med Pia Myrvold» og «Prosjekt Fantasi» fekk gode tilbakemeldingar. Hausten var spesielt godt besøkt av barnefamiliar som tykte oppfinningane til barna i «Prosjekt Fantasi» var spennande å utforska.

Gode aktivitetsdagar og samarbeid med lag og organisasjonar

På dei litt mindre anlegga, som Grødaland og Limagarden, er det aktivitetsdagane som trekker dei store folkemengdane. Her har me gjennom fleire år hatt godt samarbeid med lokale lag og foreiningar som saman med dei tilsette i Jærmuseet har aktivitetar som særleg fell i smak hjå barnefamiliane. Særleg på Limagarden har det vore ein god auke i besøkande til både Hagedagen og aktivitetsdagen Liv i tunet. Som ved alle anlegga til Jærmuseet, er det å læra ved å gjera som er i fokus – dei besøkande får ta del i mange ulike og lærerike aktivitetar og bli kjent med museumsgardane.

For Garborgheimen, Knudaheio og Tungenes fyr er det ein jamn auke gjennom heile året. Den digitale Garborgløypa er populær, og det er òg fleire turistar frå både inn- og utland som finn vegen til anlegga.

Planar for 2018

Nye utstillingar og eit allsidig formidlingstilbod er stikkord for Jærmuseet sin aktivitetskalendar for 2018. Først ut er Garborgdagane denne veka med fleire spennande arrangement i Bryne. Så går det slag i slag med vinterferieprogram, nytt vitenshow, aktivitetsdagar, Vitenfabrikken feirar 10 år, utstilling i samband med Jonas Øglænd sitt 150-årsjubileum,  krigshistorisk utstilling i torpedoverkstaden ved Flyhistorisk museum, 6.000.000 STING på Garborgsenteret, flunkande nytt «Abelloft» på Vitenfabrikken og utstilling om Sauen, hunden og gjetaren på Vitengarden.  Og innimellom alt dette – formidling til tusenvis av nyfikne barn på besøk med skular og barnehagar frå heile Rogaland!

For meir info, kontakt:

Marknadssjef Elin Ravndal Bell – telefon 908 03 864

Direktør Målfrid Snørteland – telefon 913 90 361