Museumsbygget

Museumsbygget på Kvia sameinar jærsk identitet og byggetradisjon med eit moderne formuttrykk. Utfordringa var å skapa eit praktisk museumsbygg som skulle tilpassa seg eit sårbart og særprega kulturlandskap.

Sjølv om dette er ein stor bygning, stikk han seg ikkje fram, men følgjer linjene i landskapet og opplevest som ein del av jærlandskapet omkring.

Første byggetrinn stod ferdig i 1995 og består av ein hovudbygning med administrasjon, bibliotek, kafé, magasin og noko utstillingsareal, samt auditorium og verkstad. På nivå med underetasjen er tilkomst til magasin, verkstad og eit vognhus frå ein gardsplass på nordsida.

Andre byggetrinn stod ferdig i 2002 og inneheld ein stor utstillingshall i første etasje og magasin og studiemagasin i underetasjen. Utstillingshallen knyter direkte til hovudbygget i begge etasjar. Areala er store og samanhengande. Anlegget utgjer vel 4000m², av dette omlag 1200m² utstillingsareal, og om lag 500 m² ope studiemagasin.

Det er brukt mykje stein i fasadane. Veggene samspelar med steingardar og støttemurer, og bygningen er trekt ned i terrenget og inn i landskapet. Jærmuseet bygger vidare på den lokale byggeskikken med innvendig og utvendig materialbruk. Tradisjonane er vidareutvikla i konstruksjonar og detaljar med dei muligheitene ny teknologi gir.

Bygget er bygd i betong, naturstein, tre, stål og glas. Søylene er dreidde, i laminert tre, og står i eit modulnett på 7,2 x 7,2 m. Samanføyingar og festedetaljar er i ubehandla stål. Beresystemet for øvrig er i tre (skurlast), og all trelast er skore med bandsag.

Kledning utvendig er i osp med varierande breidder i panelet. Taket er utvendig kledd med kreosotimpregnert furu. Store deler av ytterveggene er forblenda med naturstein. Magasinet i underetasjen har vegger i betong og betongsteinsblokker.

Arkitektar: siv.ark. Einar Myklebust, Thomas Helliesen, Lars Hallgren.