Første lærling på Jærmuseet

Lærling Henriette Hansen Liland besto fagprøven i anleggsgartnar på Vitengarden.

Foto: Jærmuseet

Jærmuseet har teke oppmodinga frå Rogaland Fylkeskommune om å ta imot lærlingar. Henriette Hansen Liland var vårt første lærling, og starta lærlingtida for to år sidan på Vitengarden. Ho utdanna seg til å verta anleggsgartnar, og med det store uteområdet på Vitengarden har det ikkje mangla på mange og varierte oppgåver for Henriette i tida som lærling. Både i skogen, i utstillinga SNU, på beiteområdet, i urtehagen og på garden har det vore mykje arbeid å ta fatt på. I oktober bestod ho fagprøven.

Jærmuseet har hatt særs gode erfaringar med å ha lærling i organisasjonen, og vil fortsetta med dette. Ny lærling, Therese Reime, er allereie tilsett.