Prosjekt Fantasi-dag

18. oktober 2015 12:00-17:00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Kva oppfinningar vil koma i 2020? Og i 2040? Kva transportmiddel tek me? Og vert det enda produsert biler som bruker bensin?

Sundag 18. oktober er det Prosjekt Fantasi-verkstad på Vitengarden. Her finn me fram ulike materialer slik at publikum kan få bruka fantasien sin til å teikna og bygga modellar av sine oppfinningar. Verktstaden vil gå frå kl. 12-16.

Kva er prosjekt fantasi?

Mykje fantasi, skaparlyst og kreativitet er viktig for at barna skal forstå realfag i praksis. Prosjekt Fantasi er ein konkurranse som skal inspirera barn og unge til å bruka fantasien til og finna opp framtidas oppfinningar. Dei beste idèane vert til ei utstilling som skal besøka Vitenfabrikken, Vitengarden og fleire andre vitensentre i 2016-2017. Vitensentra arbeider for å auke interessen for realfag blant barn og unge.