Bier- og andre pollinerande insekt

11. juni 2017 12.00-17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Bli kjent med biene og og arbeidet til ein birøktar. Korleis ser ei bikube ut? Kva gjer arbeidarana, dronane og dronninga på ein arbeidsdag? Kl 12.45, 13.45, 14.45, 15.45 og 16.30 får du muligheit til å ta på biedrakter og besøka bikubene på Vitengarden. Meld deg på turen i resepsjonen. Her kan både store og små vera med. Er det mykje regn, utgår denne aktiviteten.

Elles på aktivitetsdagen kan du vera med å slynga honning og laga vokslys. Det blir demostrasjon av omlarving ved Sylvi Slettebø. Fleire produsentar vil vera til stades, både med sal av gode honningprodukt og med råd og fakta om biene og honningproduksjon i Rogaland.

Nytt dette året er at me og ser på andre pollinerande insekt, som til dømes sommarfuglar. I vår utstilling om bier har me nå fått hengt opp oversikt som viser korleis insekta ser ut og informasjon om kvifor dei er så viktige.

Dagen vert arrangert i samarbeid med Jæren birøktarlag. Vitengarden er open kl. 12 – 17, med bieaktivitetar frå kl. 12.30.