Aktivitetsdag: Sjømat – kjenner du til fiskane som lever i sjøen?

6. november 2016 12.00-17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Kjenner du til fiskane som lever i sjøen? Ser fisken sine organ ut som menneske sine organ? Er det forskjell på fiskeboller, fiskekake og fiskeburger?

På denne aktivitetsdagen kan du bli kjent med fleire fiskar som lever i sjøen og få smaksprøvar på mat som kan lagast av dei.

Breiflabb, reker, makrell, torsk og sei med fleire, vil ligge heile og fine på is. Desse kan publikum ta og kjenne på. Sjå kor ulike dei er, og læra meir om kvar enkelt sort.

Koss ser fisken ut inni? Me opnar opp ein fersk fisk og blir kjent med organa inni.

Utanfor kafeen blir det mulighet til å steike og varme opp ein bit av ei fiskekake på bål, som kan nytast ute i frisk luft.

I auditoriet vil det vera demonstrasjon og smaksprøvar av fleire ting:

  • Koss lagar ein fiskeboller? Sjå og få ein liten smaksprøve.
  • Dampa fisk, koss gjer ein dette og koss blir smaken etterpå?
  • Smaksprøver på Fonnburger

I kafeen blir det sal av fiskesuppe, påsmurt, pastasalat, kaker med meir.

 

Velkommen til ein gild fiskedag med fokus på fisk frå sjøen.