Klesvask i 100 år

Vaskemaskinutstilling opna 11. mai på Vistnestunet

«Så gjør vi så… – klesvask i 100 år» er ei utstilling om utvikling av vaskemaskinar på Jæren frå 1913 til 2013.

vaskemaskin

For hundre år sidan, i 1913, fekk kvinnene røysterett i Norge. Samtidig kom dei første vaskemaskinene i handelen. Vaskemaskina blei viktig for kvinnene. Ho både letta arbeidet og frigjorde tid slik at dei mellom anna kunne delta aktivt i politisk arbeid.

I samband med røysterettsjubileet har me laga ei utstilling om vaskemaskiner. Her kan ein sjå vaskemaskiner som er hundre år gamle, og følgje utviklinga fram til den heilautomatiske som i dag er vanleg i alle heimar. Det er vaskemaskinar laga av lokale ”Petter Smartar”, og fabrikkproduserte. Nokre veit me mykje om, nokre veit me lite eller ingenting om. Me håper derfor at publikum kan hjelpe oss med kunnskap om lokal vaskemaskinproduksjon.

Utstillinga vil vera open for publikum under aktivitetsdagane på Vistnestunet i heile 2014.

Sjå film av utstillinga på YouTube.