Gratis lærarkurs i naturfag hausten 2016

Jærmuseet har gleda av å kunne tilby to gratis lærarkurs for ungdomstrinnet i september.

egge kursa er på Vitengarden, Nærbø. Lunsj er inkludert. Det er avgrensa kapasitet på kursa så meld deg på til epost: sciencecircus@jaermuseet.no så snart som mogleg.

Kurs 1: Leikande fysikk, ungdomstrinnet.

Tysdag 6. september 2016, kl. 9.00 – 15.00

Jærmuseet er så heldige å kunne tilby eit gratis lærarkurs kalla «Leikande fysikk» Kurshaldar kjem til å vera Chris Chiaverina  som har over 40 års erfaring i å formidla naturfag til både elevar og lærarar.  Han har mellom anna vore leiar i foreininga for amerikanske fysikklærarar og vore redaktør for fleire tidskrift om naturfagsundervisning.   Språk på kursa vil vera engelsk, men ikkje sjå på det som eit problem for mesteparten av det som blir presentert kjem til å vera praktisk arbeid. Det vil bli servert lunsj.

Dette kurset kjem  til å  vera innom desse måla frå læreplanen i naturfag:

  • gjøre rede for begrepene fart og akselerasjon, måle størrelsene med enkle hjelpemidler og gi eksempler på hvordan kraft er knyttet til akselerasjon
  • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt
  • gjøre greie for hvordan trafikksikkerhetsutstyr hindrer og minsker skader ved uhell og ulykker
  • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene
  • beskrive et elektronisk kommunikasjonssystem, forklare hvordan informasjon overføres fra avsender til mottaker, og gjøre rede for positive og negative konsekvenser

Påmelding til epost: sciencecircus@jaermuseet.no

 

Kurs 2: Raketteknologi, ungdomstrinnet.

Fredag 16. september 2016, kl. 9.00 – 15.00

Et-dags etterutdanningskurs i samarbeid med NAROM. Her får du bygga og skyta opp din eigen modellrakett, ein morosam og spennande måte å læra korleis ein kan bruka rakettar som tema i undervisninga.

Føremålet emd kurset er å gje realfagslærarar eit betre grunnlag for å aktualsiera undervisninga gjennom fagleg oppdatering og innblikk i romrelaterte emner. Hovudfokus på kurset vil vera bygging av eigne modellrakettar og papirrakettar med tilhøyrande rekneøvingar.

Innhald:

  • Presentasjon av Andøya Space Center, NAROM og Nordic ESERO med relevante prosjekt og aktivitetar for elevar og læarar
  • bak raketteknikk
  • Rakettverkstad. Lær å bygg modellrakettar og papirrakettar inkludert rekneøvingar
  • Oppskyting av rakettane

Påmelding til sciencecircus@jaermuseet.no