Bygningar
Jærmuseet har gjennom det siste ti-året fått ansvar for antikvariske bygningar i dei fleste kommunane på Jæren. Pr. i dag har me såleis ansvar for 50 ulike bygningar. Alle desse bygningane står på sine opphavlege tufter, det vil seia i sitt rette miljø.
Dette skil Jærmuseet sine bygningar frå dei store friluftsmusea der bygningar er blitt flytta til eit museumsområde og plasserte i eit kunstig miljø og lausrive frå sine opphavlege omgjevnadar. Ofte er bygningane på slike friluftsmuseum sett opp saman med bygningar frå ulike bygder.
For å oppleva og sjå våre bygningar må du ta turen rundt i dei ulike kommunane på Jæren. Du finn omtale av dei enkelte bygningane under kvart museumsanlegg.

Jærmuseet har ansvar for tilsyn og drift av 59 kulturhistoriske bygningar frå Tungenes i nord til Brusand i sør.