Hanabergmarka
|
Vitengarden ligg ved Hanabergsmarka, eit område tilrettelagt for dei som vil ut på tur, gå på jakt etter spor frå tidlegare jærbuar eller ha med grillmat og berre kosa seg. |
|
Det er få stader som har like mange synlege kulturminne som Hanabergmarka. Det er få stader ein har slik spennvidde i synlege kulturminne som her på Kvia og Audamotland. |
Last ned Vitengardens katalog om hanabergmarka
|
|
|
|
Det er merka tre løyper: Naturløypa er for deg som vil finna nokre av dei ulike trea og buskane som veks i Hanabergmarka. Krigsminneløypa losar deg rundt i minner frå 2.verdskrig. Fortidsløypa tek deg rundt til kulturminne frå bronsealderen og fram til mellomalderen. På området ligg også Klauhaugane, eit ringforma tunanlegg frå om lag år 550. |
|
|
Løypene er merka med brune merkepinnar som stikk opp frå marka. Kvar løype har sin eigen farge, dei ulike kulturminna eller tresortane har sitt eige tal eller bokstav. |
|
Ein finn fram i løypa ved hjelp av kart som ein kan få på vitensenteret, eller lasta ned i menyen til venstre. |
|
På grunn av området sine kulturhistoriske kvalitetar og nærleiken til Vitengarden, blei området kjøpt opp av Hå kommune i 1991 og vidaresolgt til staten med midlar frå Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning. |
|
I Bondevennlunden er det grillar. |









