Du er her: Jærmuseet  >  Tungenes Fyr  >  Utleige

Utleige

Treng du lokalar for møter, kurs eller konferansar? Runde dagar eller bryllaup? Då kan Tungenes fyr vera akkurat det du ser etter, området dannar ein spesiell rame rundt arrangementet – ein stad for ro og inspirasjon.

I den tidlegare betjentboligen er det no moderne lokale kor det kan dekkast til inntil 50 personar, ynskjer du å leige lokalet til kurs eller møter så anbefalar me maks 40 personar.

Rommet har fullt AV-utstyr, med trådlaus internettilgang.

Kafeen tilbyr ein variert meny med enkel kvalitetsmat, men det er óg fullt mogleg å stå for serveringa sjølv.

Du kan også kombinere arrangementet ditt med omvisning i fyret.

Meir informasjon om bestilling og utleigeprisar finn du her.

Aktuelt
Sommarprogram på Tungenes fyr

Tungenes fyr - på nordspissen av Jæren - ligg idyllisk til og er eit populært turområde. I sommar har fyret utvida sitt aktivitetstilbod. Både i fyret, i uthuset og på graset er det mykje å utforska for store og små.

Sommerjobb på Tungenes Fyr?

Jærmuseet søker museumsvert og kafémedarbeider ved Tungenes Fyr.

Foredrag på Tungenes fyr 25.02.10 kl 19

Lena Lisdotter Bõrjesson held foredrag om vikingane sin navigasjon på Tungenes fyr torsdag 25. februar kl. 19

Presseklipp