Varden sjøredningsmuseum

Jærkysten kan vera verhard og nådelaus, og er kjent og berykta for mange dramatiske forlis. Mange sjøfolk omkom i brenningane utanfor Jæren, og mange slags vrakgods kunne reka i land langs strendene. Allereie frå 1500-talet har ein beretningar om at jærbuen, etter ei natt med skikkeleg uver og storm, kunne få hand om eksotiske varer som raudvin, sjokolade, sukker, ”peber og anden saadan speceri” – berekna på det bedre borgarskap i byane.
Og i dei fleste bygningar på strandgardane kunne ein finna skipsplank eller ”skjeve kahyttsvindu”.
Frå midten av 1800-talet blei det arbeidd for å skaffa redningsutstyr til Jærkysten.
Dette blei opptakten til sjøredningsstasjonane.
Varden sjøredningsmuseum ligg på området til Ogna Camping, ved R-44. Museet vart åpna i 1977 for å dokumentera utstyret til redningsstasjonane på Jæren.

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as