Demokratiet: Blåmåndag eller grøn framtid?
Bli med på seminar i 6. - 7. mai 2010 Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge.
Klikk på "les meir" for å finna fullstendig program. Vel møtt!
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time kommune eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Korleis skal me få til det? 6. - 7. mai 2010 arrangerast ein konferanse i Stavanger med føremål å finna ut av dette. Aslak Sira Myhre, Frank H. Aarebrot, Liv Signe Navarsete, Jostein Fretland, Hadia Tajik og Rune Hetland er blant føredragshaldarane og debattantane. Målgrupper for konferansen er politiske parti, valstyra, valarbeidarar i kommunar, pedagogisk personell i skulen, media og ungdomsorganisasjonar. I tillegg bør konferansen vera av spesiell interesse for kommunar som skal gjennomføra val for 16-åringar.
Nasjonalt Garborgsenter, som er ein del av Jærmuseet, samarbeider med prosjektet "Mot til å meina". Senteret har som ei av hovudoppgåvene sine å engasjera til debatt og deltaking i samfunnsprosessar for å byggje opp om demokratiet.









