Aktuelt
Fröbels byggmestre - nytt formidlingstilbod
Sandnes museum og vitensenter kan no tilby sjølv dei minste eit dykk inn i den matematiske verda. Gjennom rollespel får dei møta barnehagens far som blir med dei og bygg med byggeklossar.
Vitengarden og Vitenfabrikken
Ny logo og nye namn på Jærmuseet sine anlegg i Sandnes og på Kvia!
Kjøp Sherrytomater frå Vitengarden
På Vitengarden dyrkast det Sherrytomater i drivhuset som er eit eksperiment i vår interaktive utstilling. Tomatfrøa vart sådd 5. september og allereie 1. desember kunne me hauste raude Sherrytomatar. I kafeen kan ein kjøpe ei korg (ca. 250g) med Sherrytomatar til kr. 10,-.
Kul bok til å gje vekk i gave eller til deg sjølv
Eksperimentboken ” Kule eksperimenter” viser deg hvordan du kan krympe kronestykker, få gjenstander til å sveve, lage jetraketter, elektromagneter og mye mer.
"Kva skjer?"
Vil du følga med på aktuelle saker i Jærmuseet? Nå har me lansert vårt eige informasjonsskriv. "Kva skjer?" kjem ut kvar månad.
Betydeleg auke til Jærmuseet i årets statsbudsjett!
Jærmuseet får auka driftsbudsjettet med nærare 2,9 mill kroner i 2008!
Jærmuseet får ny telefonsentral 22.jan 2008
Telefonnummer til Jærmuseet og Vitengarden er 51 79 94 20 og Vitenfabrikken 51 97 25 40 som før. Men alle tilsette får nye direktenummer. Me skifter til telefon basert på mobilnettet. Det betyr felles sentralbord for alle avdelingar og at me kan setta over til alle mobiltelefonar.
Ny rapport om vindkraft
I april 2008 leverte Jærmuseet rapporten Vindkraft i Norge - om historisk bruk av vindkraft. Rapporten er resultat av ei undersøking utført av Jærmuseet på oppdrag av NVEs Museumsordning.
Jærmuseet nominert til europeisk museumspris
Måndag 4. august fekk me besøk av to representantar frå EMYA, det europeiske museumsrådet. I mai 2009 kjem resultatet av konkurransen der 53 muse frå heile Europa er nominerte. Jærmuseet er einaste norske kandidaten i år.
Debatt om Garborgsenteret
Det har vore ein del debatt omkring lokaliseringa av Nasjonalt Garborgsenter på Bryne.
Og det er bra! Men førebels har kritikarane vore lite opptekne av innhaldet i Garborgsenteret.









