Flått, kanskje vårt farlegaste dyr?
Torsdag 18. mars inviterar me elevar i vidaregåande skular til eit spanande formidlingsopplegg om Flått - kanskje vårt farlegaste dyr?
Stad
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø
Dato
Torsdag 18. mars
Tidspunkt
Alternativ 1: klokka 10:00 - 12:00
Alternativ 2: klokka 12:00 - 14:00
Målgruppe
Elevar i vidaregåande skular. Aktuelle fagområde: naturfag og biologi
Foredragshaldar
Vivian Kjelland, flåttforskar og stipendidat ved Universitetet i Agder
Tema
Flåtten er midd og underklasse av edderkoppdyra. Middel lever under ulike forhold; i jord, på daude organismar og som parasittar på menneske og dyr. Nokre av dei overførar farlege sjukdommar. Som nedbrytar er midden økologisk og økonomisk særs viktig. Vivian Kjelland vil ta opp flåtten sin livssyklus og utbreiing, og problemstillingar som:
- Kor farleg er flåtten?
- Kor held han til?
- Kva slags blod likar han best`?
- Kor ofte sug han blod?
- Sjukdom, sympton og vaksine?
Vivian Kjelland vil sjølvsagt også svare på spørsmåla elevane måtte lure på.
Praktiske øvingar
Nye interaktive eksperiment om flått og mikrospoering
Kontaktperson for påmelding og spørsmål
Knut G. Austad
Telefon: 952 94 519 / E-post: knut.g.austad@jaermuseet.no
Påmelding innan tysdag 9. mars









