Du er her: Jærmuseet  >  Vitenfabrikken  >  Aktuelt  >  Pressemelding: Ny avdelingsleiar for Vitenfabrikken

Pressemelding: Ny avdelingsleiar for Vitenfabrikken

Jærmuseet har tilsett Tone M. Haugen som ny avdelingsleiar på Vitenfabrikken i Sandnes.

Tone har vore kultursjef i Randaberg kommune sidan 2007, og før det var ho i fleire år kultursjef i Rennesøy. Ho har og arbeidd på Nordfjord folkemuseum og vore museumsleiar ved Musea i Jølster.

Tone M. Haugen er 38 år og utdanna cand.philol med hovudfag i etnologi frå Universitetet i Bergen. Ho tar til i stillinga 1. mai 2010.

Vitenfabrikken opna i mai 2008, og hadde i fjor nærare 70 000 besøkande. Vitenfabrikken er den største avdelinga til Jærmuseet.

Foto: Ove Tennfjord

Kontaktpersonar:

Direktør Målfrid Snørteland, tlf. 913 90 361

Tone M. Haugen, tlf. 982 13 579

Aktuelt
Aktivitetskalendar 2010

På alle avdelingane i Jærmuseet er det full aktivitet, og masse spennande å finna på for store og små.

Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Tysdag 29. juni vart pengar frå Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat delt ut til 3 heldige vinnarar. Nasjonalt Garborgsenter var av desse.

Jærmuseet søker økonomisjef

Jærmuseet har ei nyoppretta stilling som økonomisjef, og søker etter ein person som får totalansvar for rekneskap, budsjett og IT-drift.

Presseklipp