Mot til å meina, styrke til å skapa

"Mot til å meina, styrke til å skapa" er namnet på den faste utstillinga. Tittelen speglar viktige sider ved Arne og Hulda sine liv og verk, og er verdiar Garborgsenteret ønsker å vidareformidla.

Utstillinga på Garborgsenteret

Utstillinga er basert på Jærmuseet sitt motto om «å læra ved å gjera». På Garborgsenteret skal ein ikkje berre sjå og lytta, men lesa, vera kreativ og løysa oppgåver – både taktile og interaktive. I ulike soner møter ein følgande tema: ekteparet, språk, demokrati, litteratur, modernitet og tradisjon, media, livs- og samfunnssyn. Her skal ein både kunna læra om Arne og Hulda Garborg, men også gjera seg opp sine eigne meiningar.

I den interaktive utstillinga kan du utforska Arne og Hulda Garborg, liva deira, verka deira, visjonane deira. Du kan leika deg med den magiske blå kista, snurra på diktarhjulet, leita etter visdom i døypefonten, sjå skuggeteater, kosa deg i lyttestolane – og du kan fordjupa deg i litteraturen. Nettavisa Den 17de Mai guidar deg frå sone til sone.

Publikum blir invitert til å setta fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda – ein skal læra gjennom å gjera. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass.

Omvising kvar laurdag kl. 13.