5. desember: #hemmeleg #losje

Dette har hendt: Garborgsenterets avdelingsdirektør er blitt sjukmeld etter nærkontakt med ei bokmålsutgåve av Arne Garborgs Fred, men det ser ikkje ut til å ha noko med denne episoden å gjera. Spennande!

Medan den tidlegare pateren forflytta seg, såg det ut som han svevde. Men nede under munkekjolen var tærne i arbeid. Kunsten hadde han lært seg i eit kloster i Paris. Litt styrketrening og balansering var alt som skulle til. Var tærne berre sterke nok, kunne dei bera kroppstyngda åleine, utan støtte frå hælen eller fotsålen. Berrføtt på kalde steingolv hadde mang ein munk nytta den sofistikerte teknikken. Når berre nokre få tåputer rørte golvet samstundes var det enklare å halda varmen.

Det var ei velsigning. Tenk at mennesket var så tilpassingsdyktig at det kunne få tærne til å gå som krabbebein!

Nå var ikkje temperaturen eit problem der den tidlegare pateren befann seg for augneblinken. Den store losjesalen blei varma av ein diger peis. Lukkeleg og yr lét han tærne springa over golvet; snart til høgre, snart til venstre; snart bakover, brått framover. Det kitla i magen. Han lente hovudet bakover og klukka som eit lite barn.

Midt på golvet stod eit gigantisk spisebord med stolar til femti menneske. Den tidlegare pateren flytta på serviettane. Han løfta på bestikket, pusta på det og tørka doggen.

Alt skulle vera perfekt.

For første gong hadde det lukkast han i å samla dei alle i heimbyen sin. Han gledde seg til å sjå dei att, visa dei salen, trykka hendene deira og rista vennleg, servera dei lokal kokekunst – og han gledde seg til å presentera planen.

Meisterplanen.

På bordet hadde han lagt ein seks meter lang løpar, kongeblå, og oppå den ei rekke massive sølvkandelabrar. Sju gonger sju raude lys venta på å bli tende. Det var jo jul.

«Det er jo jul,» tenkte den tidlegare pateren. «Jula som skal endra norsk språkhistorie».

Steinpeisen fekk salen til å minna om eit middelalderslott. Det var ikkje lett å skjøna at han låg i andre etasje i eit vanleg forretningsbygg i sentrum av ein norsk småby. Steinkledde spissbogar gav vindauga eit gotisk preg. Dei var laga på ein slik finurleg måte at dei var gotiske inne, men moderne og firkanta ute.

Langs den andre langveggen sto bokhyllene. Her fann ein klassikarar, norske og utalandske, samtlege i norsk eller dansk språkdrakt. Homer, Cicero, Dante og Hemingway. Samt Ibsen, Bjørnson og Kielland.

Den tidlegare pateren smilte og lét tærne springa over golvet. Han drog fingrane over samlingas aller gjevaste bok, lukka augene og klukka stille. Han opna henne og las ei setning. Han las to setningar. Han klukka høgare og høgare, ja endog endå høgare; så høgt lo han at han blei redd for å te seg som ein novise utan latinskule. Han sette boka på plass.

Det norrøne meisterverket i dansknorsk språkdrakt. Heimkringla. Pollestad-utgaven.

Utgjevinga hadde vore ein test av det norske folket, og det hadde bestått med glans. Somme kritikarar hadde jamvel sagt at den originale sagastilen var bevart!

Den tidlegare pateren klukka igjen.

«Kark ble rent fælen, han tok en svær kniv han hadde i beltet og kjørte den gjennom strupen på jarlen og skar den ut igjen. Det ble Håkon Jarls død. Etterpå skar Kark hodet av jarlen og løp sin veg; dagen etter kom han inn til Lade og gav jarlens hode til kong Olav. Han fortalte også alt det som hadde hendt mellom ham og Håkon jarl, og som er skrevet her ovenfor. Da lot kong Olav ham føre bort og hogge hodet av ham.»

Ingen tvil om hva som foregår her. Men det er mer effektivt fortalt hos Pollestad:

«Kark ble så redd og forskremt at han grep en svær kniv han hadde i beltet, kjørte den i halsen på jarlen og skar strupen over. Slik døde Håkon jarl. Kark skar hodet av ham og løp bort med det. Dagen etter kom han til Lade og forærte kong Olav jarlens hode. Han fortalte også alt som hadde hendt mellom ham og Håkon jarl, slik det her er beskrevet. Så lot kong Olav ham føre bort og hogge hodet av ham.» dagbladet.no, 27.2.2012

Då folket hadde vist seg å akseptera norrønt på bokmål, var det klart at nynorskens endetid var nær. Nokre år med intens planlegging hadde følgt. Og nå hadde den tidlegare pateren meisterplanen klar. Byen hadde allereie sett begynnelsen av den, dei skjøna berre ikkje rekkevidda.

Dei gule bøkene.

Han hadde ikkje sett namnet sitt på; men når slaget var vunne, skulle det koma nye utgåver. Då skulle han, den tidlegare pateren, stå att som bokmålets imperator.

Fred. Pollestad-utgaven.

Snart ville dei koma, dei andre i den hemmelege losjen. Han skulle fortelja dei om meisterplanen, og dei ville hylla han som sin herre.

«Men først,» tenkte han, «en selfie!»

Han smilte.

img_1717smilinsta5

Tærne skyssa han over golvet. Han lente seg ut av det eine vindauget. Hadde han lent seg lenger ut og sett til høgre, ville han fått auge på høghuset Forum Jæren, og der, i den sørlege fløyen, Garborgsenteret.

Men den tidlegare pateren såg til venstre.

Og der nede såg han den eine etter den andre. Alle kvar for seg, ingen saman. Dei gjekk ut og inn av butikkar, nokre i bondeoverallar, andre med stresskoffertar. Det var ikkje mogleg å skjelna losjemedlemmane frå vanlege folk.

«Vi er så lure,» tenkte den tidlegare pateren. «Dette kommer til å gå bra.»

Han folda hendene og nynna melodien til den eldgamle losjesongen. Snart skulle dei synga for full hals.

For ei jul det skulle bli!

 


Har dette noko med Garborgsenteret å gjera? Nei, det er sjølvsagt ingen samanheng mellom desse parallellhistoriane. Det er ikkje ein krim, dette. Følg med i morgon, det blir kriminelt spennande!

Til i morgon (6. desember)

PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sjølv dei som er baserte på verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.