Vitensenteret i Sør-Vest

Utforsk spennande aktivitetar på vitensenteret i Jærmuseet!

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Vitensenteret i Jærmuseet består av to lokalitetar – Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes. I tillegg har me Science Circus – vårt «vitensenter på hjul» som besøker skular i heile Rogaland.

Vitengarden er «vitensenteret midt i matfatet». Utstillingar og formidling på Vitengarden tar utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø.

Utstillingane på Vitenfabrikken er forankra i den regionale industrihistoria og byhistoria for Sandnes. Hovudtema elles er matematikk, astronomi, energi og miljø.

I 2019 hadde vitensenteravdelingane i Jærmuseet rett i overkant av 130.000 besøkande! Medan det samla talet for heile Jærmuseet var nærmare 190.000 gjester.

Kva er eit vitensenter?
Eit vitensenter er eit museum eller opplevingssenter der ein formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi gjennom interaktive utstillingar og eksperiment.

Eg gjer – kva skjer?

På vitensenteret kan både barn og vaksne eksperimentera med modellar og utforska teknologi og naturvitskaplege fenomen i fellesskap med andre. Du kan erfara koss teoriar fungerer i praksis og koss teknologien blir brukt i forsking og arbeidsliv. Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentera frå tradisjonelle museum – på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentera bygger si formidling på eit aktivt læringssyn – barn og unge skal «læra ved å gjera «. Eller for å sitera det gamle kinesiske ordtaket: «Eg høyrer og eg gløymer, eg ser og eg hugsar, eg gjer og eg forstår».

Vitensentra skal legga til rette for at folk flest får betre kjennskap til og kunnskap om den teknologien som omgir oss i kvardagen, og koss naturvitskapen og den teknologiske utviklinga påverkar samfunnet rundt oss. Dei skal bidra til å auka interessa for naturvitskap og teknologi, og motivera barn og unge til å velja utdanning innanfor desse faga.

For meir informasjon om vitensentra i Noreg, sjå: www.vitensenter.no.

«Menneska har ikkje forstått før dei kan bruka kunnskapen i ein ny situasjon»
(Howard Gardner)

Ekstern evaluering av Jærmuseet

I 2016 bad Jærmuseet om ei ekstern evaluering av drift og formidling sett i eit internasjonalt perspektiv. Denne blei utført av dei tidlegare direktørane for dei store nasjonale vitensentera i Finland og Danmark, Per-Edvin Persson frå Heureka og Asger Høeg frå Experimentarium:

««Vår generella slutsats är at Jærmmuseet är en unik institution av världsklass, helt jamførbar med de ledande institutionerna i världen i fråga om kreativitet, intellektuell stimulans och lokal relevans. Vi ar mycket imponerade.»

Nedanfor kan du lesa stakeholders letter frå Persson og Høeg: