Sjå Jæren 2014

«Sjå Jæren» – årboka til Jærmuseet

Sjå Jæren 2014 er nå kome til både våre eigne butikkar på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret, samt lokale bokhandlarar. Det er 26. året Jærmuseet gir ut Sjå Jæren.

bilde årbok

Sjå Jæren er i år på ulike vis prega av at me i 2014 feirar 200-årsjubileet for Grunnlova. Artiklane ser på desse to hundre åra frå ulike synsvinklar. Årboka startar med ein artikkel som løftar blikket og viser koss Jæren har endra seg, med reformer i landbruket, med industriell vekst, nye samferdselsformer og i kultur frå 1914 fram mot 1940. Artikkelen er skriven av Egil Harald Grude, og viser òg kva rolle Jæren spelte i nasjonsbygginga, materielt og kulturelt. Artikkelen om ein av museumsgardane, Audemotlandsgarden, går ned på detaljnivå og viser eit eksempel på utviklinga i jordbruket i denne perioden, med omleggingar i driftsforma og utviding av det dyrka arealet.

Framveksten av tettstader prega også desse to hundre åra. Allereie på 1600-talet låg det ei lita husklynge langt inne i Gandsfjorden, på Norestraen. I 1860 fekk Sandnes status som ladestad, og blei det viktigaste handelsknutepunktet for Jæren. Sandnesbuen skjønte raskt at både handel og industri måtte «svara seg». I desember 2013 opna Vitenfabrikken utstillinga «Det ska svara seg» og i denne årboka får lesarane den historiske introduksjonen til utstillinga.

På 1900-talet skjedde det ikkje berre store endringar i jordbruk, industri og handel, men òg i heimen. Husmora fekk elektrisk lys og komfyr, innlagt vatn og nye hjelpemiddel som letta arbeidet. Ikkje minst kom vaskemaskinen til å forenkla klesvasken. I årboka får ein lesa meir om ein heller ukjent del av jærindustrien, dei ulike vaskemaskinane frå regionen.

Jentene på Flatholmen

Utbygginga av fyr, sjømerke, losteneste, redningsstasjonar og hamner skapte ein maritim infrastruktur som var ein føresetnad for pålitelig sjøtrafikkavvkling døgnet rundt. Langs jærkysten er det mange dramatiske historier om forlis. Historia om jentene på Flatholmen som såg far og to brør kollsegla utanfor Flatholmen fyr i Sola ein februardag i 1894, er ei av dei mest kjende og dramastiske forteljingane. I dag er det jo i ferd med å bli gløymd, men me trur at artikkelen i denne årboka vil vera eit viktig bidrag for å bevara minnet om hendinga. Historia om jentene på Flatholmen er i Sjå Jæren 2014 skriven av Atle Skarstein.

Restaurering og konservering av Heinkel HE-115?

Men utviklinga dei siste 200 åra var ikkje berre samanhengande framgang og optimisme. Sola flyplass var ein viktig base for den tyske okkupasjonsmakta og deira flystyrke. 28. desember 1942 havarerte eitt av flya, ein Heinkel HE 115, under landing i Hafrsfjorden. Flyet sokk til botnars og der blei det liggande i 70 år. Men i juni 2012 stod flymuseet si venneforening for den spektakulære hevinga av flyet. Etterpå har ein brukt mykje tid på å planleggja og undersøka korleis flyet best kan bevarast; skal ein føra det tilbake til «fabrikkny» tilstand, eller skal ein i større grad konservera det slik det bevarar mykje av autensiteten ved flyet? To artiklar fortel om arbeidet og ser det frå to sider, me møter den tekniske konservatoren (Eirik Aarebrot) og den frivillige (Roar Henriksen). Den siste bidreg med tankevekkande og nyttige refleksjonar for alle som driv med museumsarbeid, og peikar på problemstillingar som er viktige både for frivillige og profesjonelle.

Kontaktpersonar Sjå Jæren:

For bestilling til butikk: kontakt Else Rugaard, telefon 47 77 60 20

For informasjon om artiklane: kontakt Anne Jorunn Frøyen, telefon 47 77 60 20