Ny besøksrekord i 2014

Ei auke på i overkant av 13 000 frå 2013

Jærmuseet kan for åttande året på rad melda om besøksrekord med heile 194 524 gjester fordelt på 13 besøksanlegg, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus. Dette er ei auke på i overkant av 13 000 frå 2013.

Dei aller fleste anlegga melder om auka besøkstal, men det er Tungenes fyr, Vitengarden og Vitenfabrikken som aukar mest. Tungenes fyr har hatt godt besøk gjennom heile sommaren, fleire reiser til fyret i fint vêr og bruker området rundt fyret som turmål. 2014 var òg året då konseptet «Torsdag på Tungenes» med intimkonsertar slo an, med fleire utselde konsertar.

Vitengarden hadde i starten av 2014 utstillinga «Kongelige kjøretøy. Fra Berliner til Bûick». Utstillinga trekte godt med folk, mange kom langvegs frå og utstillinga nådde andre målgrupper. Utstillinga SNU, den fyrste utandørsutstillinga på Vitengarden, opna sist haust med godt besøk og gode tilbakemeldingar frå publikum. Vitengarden er nå like attraktivt ute som inne.

her.

Meir informasjon

For meir informasjon, kontakt direktør Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361 / msn@jaermuseet.no eller marknadssjef Elin Ravndal Bell, telefon 908 03 864 / erb@jaermuseet.no