Dette blir ein spennande dag med svært varierande program. I løpet av dagen vil me oppleve korleis ein slakta sau i gamle dagar, bli med å studer kva som er inni sauen (innvollane) og ikkje minst korleis ein parterer ein sau. Kor hen finn ein det beste kjøttet på sauen?
Det er snart tid for lutefisk, og då er det gildt å kunna litt om fisken og korleis den er konservert. På søndag stiller Nofima opp og kan gje deg meir kunnskap om både lutefisk, sursild og rakfisk. Kanskje du kan brife med litt kunnskap under julebordet etter eit besøk hjå oss.
I tillegg vil det bli grilling og røyking av fisk kor publikum kan få smaksprøvar.
Veit du kva rolle Mattilsynet har i matnæringa? Kva prøvar tek dei, lovar og reglar m.m. Visste du at det er eit eige salmonella-program i Rogaland? Dei kjem og fortel om sitt arbeid.
Velkommen til gards!