Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA

For skular og barnehagar på Varden

090609_Varden_Varhaug_skule_HM_031_-_Copy Langs farleg stronn
Barnehage og grunnskule

Jærkysten er open og vindhard. Korleis har det vore å ferdast på sjøen langs kysten her? Korleis har det vore for dei som budde nærast sjøen når ver og vind herja og båtane gjekk på grunn? Her får de høyra historia om stormar, båtar, forlis og redningsarbeid.

pdf Last ned meir informasjon i PDF-format
   

Opplegg med undervisning
Sjøredningsmuseet i Varden tilbyr opplegg med undervisning . Desse er gratis for grunnskulen og barnehagane i Hå. For vidaregåande skule kostar det 20 kr per elev + 200 kr per time. Dei tilsette i museet saman med frivillige ressurspersonar tek seg av opplegga, men treng òg lærarane med som hjelparar.

Ansvar
Læraren(ane) har hovudansvaret for elevane under besøket. Me ber om at de held auge med elevane både inne og ute på anlegget.

Mat

Elevane kan nyta medbrakt niste ute.

Ordensreglar
Skulen sine reglar gjeld òg i Varden. Det er viktig å hugsa på at dette er eit museum med gamle ting. Om me skal kunne bruka anlegget til formidling og ta imot grupper og skuleklassar her, så må me vera forsiktige. Ingen må "herja" inne eller røra andre gjenstandar i utstillingane enn dei som er med i opplegga.

 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.