
I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret "Bragen" utanfor neset.
Tungenes Fyr er i dag først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. I fyrbygningen kan du
oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, i uthuset finn du ulike temautstillingar.
Kaféen tilbyr god kaffimat.
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar.
Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, med skipsleia utanfor har ein alltid ein følelse av at noko skjer her. Mange kombinerar besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes Fyr er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseum for Kystverket.