Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA
E-postSkriv ut

Om Science Circus

Science Circus er eit omreisande vitensenter - eit vitensenter på hjul! Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Me prøver å stimulera alle delar av skulesamfunnet.

Jærmuseet Science Circus reiser rundt til grunnskulane i Rogaland og Agder-fylka.

Opplegget består av show, interaktive eksperiment i matematikk , naturfag og astronomi undervisning av elevar og kurs for lærarane.
Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet.

Science Circus har som målsetting å:

• Å gje elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar.
• Skapa nysgjerrigheit og visa at realfag kan vera spennande.
• At ein kan læra noko samtidig som ein har det moro.

Eksperimenta og showet er oppbygd som appetittvekkjarar med tanke på at elevane skal kjenna seg delaktige, kompetente, oppleva spenning, få vera aktive, leika og prøva sjølv – og ikkje minst å få noko å lura på - i naturfag og matematikk.

Det pedagogiske grunnlaget er vitensenterpedagogikken.



Del artikkel | Sist oppdatert 29. november 2010
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.