Det gamle jærhuset på Haugabakka er bygdemuseum for Klepp. Huset blei bygd i 1852 /1853 som skulestove og lærarbustad, og var det første skulehuset i Klepp.
Håland. Dette er eit såkalla "Sandneshus" bygd i 1906. Folgehuset blei flytta til Haugabakka i 1986.Det vert nytta til utstillingar, kulturkveldar, møte m.v.
Ta kontakt med Klepp kommune, fritidsavdelinga for leige av huset. Tlf 51 42 98 00.
Klepp bygdemuseum har røter tilbake til 1930-åra då Peder Heskestad og Karl Særheim begynte å samla inn eldre gjenstandsmateriale. Nokre år etter krigen vart gjenstandane samla i det gamle skulehuset på Haugabakka. Det var fyrste skulehuset i Klepp, og gjorde samstundes teneste som lærarbustad.
Klepp kommune overtok museet i 1973. I samband med
"Museumsreforma" vart driftsansvaret overført til Jærmuseet frå 01.01.2006.
På Haugabakka kan du studera mange interessante reiskapar og andre gjenstandar brukt i det gamle bondesamfunnet for over hundre år sidan. Anlegget på Haugabakka består av to bygningar: det gamle skulehuset med ei fin bygdesamling, og "Folgehuset" som m.a. blir nytta til kunstutstillingar, møte, kulturkveldar m.m.
Ta kontakt med Klepp kommune, fritidsavdelinga for leige av huset, tlf 51 42 98 00.
Kontakt Jærmuseet, tlf 51 79 91 20 for spørsmål om museet.