Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA
E-postSkriv ut

Gamalt broderi med ny vri


sting intro

Alle elevane i 8. klasse på Klepp Ungdomsskule besøkte utstillinga Sting på Haugabakka i januar. Etter å ha studert broderia og funne svar på ein del spørsmål så sette dei igang med sitt eige prosjekt. Ut av gamle broderi frå gjenbruksbutikkar på Jæren trylla dei fram mobiltasker og liknande.

Kvar elev fekk velja eit broderi som dei ville bruka. Dei teikna monogrammet sitt på papir og så sydde dei det på "broderiet". Tilslutt skulle det monterast med fòr, kantar og snor - om dei ville. Dette siste måtte gjerast ferdig på skulen.

Engasjerte, kreative og flinke elevar og lærarar gjorde dette til veldig kjekke timar.

 



Del artikkel | Sist oppdatert 15. februar 2012
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.